torsdag 10. april 2008

Dei siste vekene på Madagaskar

Eg har ikkje hatt så mykje tid dei siste vekene, men skal skriva eit langt innlegg no, der eg tar for meg Avslutting på skulane og engelskklubben og Tur med Shalom. No er eg heime igjen på Fogn, og her er det stille og folketomt, samanlikna med Madagaskar. Det skal eg skriva meir om i neste innlegg.

Avslutting på skulane og engelskklubben
Eg og Marita har undervist på to skular; Ebenezera (gule) og C.E.G. (blå). Det eine er ein privat luthersk skule med omkring 300-400 elevar og C.E.G. er ein offentleg skule med rundt 1200 elevar. I dei fem klassane eg har undervist er det drøyt 250 elevar.

Det var trist å seie hadet til elevane mine, men på same tid var det også godt å vera ferdig. Undervisninga har vore kjekt, men mykje slit og jobbing. I to av klassane mine var det nokre elevar som byrja å grine når eg fortalde at eg ikkje skulle undervise meir, men snart reise heim til Norvezianna. Det var sterkt og rørande. Lærarane hadde på begge skulane ordna gåver til både meg og Marita, det vert kjekke minner å ta med heim.


Avsluttinga av Engelskklubben var same dag som me reiste frå Madagaskar, altså etter Shalom. Dei hadde laga ei bok til oss, innbunden i svart der det stod: English Club Sab-Nam. Sab-Nam er forkorting av Sabotsy-Namehana, som er namnet på bydelen me budde i i Tana. Der hadde kvar enkelt skreve ei helsing til oss. Nokon hadde limt inn bilete, og nokon teikna ei teikning. Håper me greier å halde kontakten med fleire av dei, men det kan bli vanskeleg og det er trist å tenkje på.

Avskjed er trist, samstundes som det er godt å kjenne at jobben ein har gjort er fullført og vert sett pris på.

Tur med Shalom
Shalom er ein "misjonsbåt", som held til i Mahajanga og reiser sørover og nordover til små landsbyar der ein ikkje kjem fram på anna vis enn båt eller helikopter. Nokre av dei små byane har vegforbindelse, men då må du ha ein god bil og mykje tålmod. Arbeidet båten driv er mykje bistandsretta, som skulebygging med tilsettjing av lærarar og opplæring i drift av honningbier og liknande, men det er også evangelisering og bygging av kyrkjer.
Me viste "Jesus-film" som var "dubba" til den lokale dialekta.

Det var utruleg kjekt å vera med på turnéen. Folka som jobber på båten snakkar berre gassisk, kanskje også fransk, men me hadde likevel mykje moro dei ti dagane me reiste i lag. To av landsbyane me reiste til var så å seie berre sand og stråhytter. Det er mykje syklonar i området, så folk tar seg ikkje bry med å bygge så stort å flott når dei likevel må bygge nytt neste år. Men folk hang ikkje med hovudet av den grunn.


Me hadde det moro med å leika med ungane og læra dei nokre sangar og slikt. På den fyrste landsbyen me besøkte fekk me vera med å dela ut gåver som ein amerikansk kyrkjelyd hadde sendt ned. Ungane fryda seg mykje meir enn eg kan hugse å ha sett norske ungar fryde seg over jule eller bursdagsgåver, ja meir enn norske ungar plar fryde seg over noko.
Økonomisk og matriell velstand er ikkje det same som lukke. 

fredag 7. mars 2008

Ein kik inn i fengselet

I dag fekk eg og Marita besöka eit fengsel her i Tana. Det var delt opp i tre flöyar; vaksne menn, vaksne kvinner og ikkje-myndige.

Fyrst av alt mä eg berre seie at fengselet ikkje var slik eg hadde trudd. Eg säg for meg celler og gitter og luftegärdar, vakter og stakkarslege fangar, men röynda var litt annleis. Etter ä ha kome inn gjennom resepsjonen og passert mange murar og tjukke stäldörer, som vart stengt godt igjen bak oss, kom du etter kvart inn i ein slags liten landsby. Eigentleg var det som fleire landsbyar med stäldörer mellom seg.

Herreflöyen var eit virrvarr av bakgater og marknader og vakttärn og fangar og vakter og boder og kol, kyrkjer og selgarar og skumle fangar som skulte olmt. Etter kvart fann eg ut at det nok var litt meir system enn det fyrst säg ut som, men korleis vaktane kan halda orden pä rundt 3000 fangar ein slik plass tykkjer eg er imponerande. Det var lett ä merka at fangane var naturleg delt inn i gamle ein plass, skumle ein plass og dei litt uskuldege ein annan plass.

Dameflöyen var for det fyrste mykje mindre enn herreflöyen, og for det andre mykje koslegare. Her var det planter og blomster og ungar. Trur mödre fekk lov ä ha med seg ungane inn i fengselet.

Sä til sist var me innom dei ikkje-myndige fangane. Alder 14 - 20 är. Dei som var tjue hadde sona sidan för dei var 18, truleg lenge för.

Om nokon i Norge hadde sett film frä fengselet med kler, mat og buforhold, hadde dei tenkt at dette var ein heilt forferdeleg plass. Eg trur ikkje fangane tenkjer det same. Standarden pä senger og kjökkenutstyr er ganske samenliknbar med fleire av naboane väre, skuletilbodet og leikeplassen for dei umyndige trur eg kanskje er langt betre enn det dei har fätt heimefrä.

torsdag 6. mars 2008

Oi, bloggen!

Den hadde eg glöymd ut.... Men skal oppsummera kort kva som har skjedd sidan sist:

KRIK, eller CHRISC som det heiter her, er oppe og gär for fullt. Me gruer oss alltid litt til ä springe rundt i varmen, me när me först har starta er det alltid kjekt. Eg, Marita og vennen vär Daniel skifter pä ä ha andakt.

For nokre veker sidan var me i Antsirabe pä Misjonaermöte. Det var ganske spennande. Det var ein god del syklonarsom herja medan me var der, og endene fekk litt hard medfarmedan me var bortreist. Emma er död og Ole Jakob har blitt kjempestor. Trur han vil bli eit festmältid for naboane etter at me har reist. ;)

Arbeidet pä skulane har vore ganske travelt i det siste. Mange karakterar og pröver og slikt. Styr, men det er godt ä vera ferdig med det. Neste veke er siste veka me underviser för päskeferie og besök frä Finn Ivar og far. Etterpä skal me pä "turne" med Shalom-bäten i ti dagar för me retter snuten mot Fogn og Fiskä igjen. Dette har gätt fort.

I dag skulle me eigentleg besöka eit fengsel her i Tana, men det har blitt utsett til i morga.

Häper alt stär bra til me alle. Me stortrives ;)

lørdag 19. januar 2008

tirsdag 15. januar 2008

Ole Jakob pä Madagaskar

Jula er over og heimlengselen byrjar ä sleppa taket for fullt. Undervisninga starta igjen sist veke, og me byrjar ä kome inn i den daglege tralten att. Men ein ting er annleis enn för: När me kjem heim frä jobb sit alltid Ole Jakob pä kjökkenet ä ventar pä oss. To be continued...

Kort oppsummering av den siste mänaden:

Ferira jul heime i Antananarivo saman med Ingrid Karin og Eline som jobbar i Fandriana; kyllingfiletar og flötegratinerte poteter. Alle fekk telefon frä Norge. I tillegg til ä ete mat og opne pakkar säg me "Love Actually". Det var snö med i filmen, sä eg likte han godt.

Feira nyttär i Mahajanga, ein hamneby nord-vest pä Madagaskar. Utruleg varmt og masse mygg. Dei som kan like lite Fransk som meg vil nok ogsä bli overraska over at Piscine faktisk betyr badebasseng, men det gjer det. Hotel Piscine har eit av dei störste bassenga eg har sett. I alle fall som eg kan hugse..

Eg merkar at eg har mykje att för eg kan gassisk flytande. Spräk er utruleg kult, men ogsä sykt vanskeleg. Engelskklubben me har pä ungdomssenteret to gonger i veka er veldig laererik. Kvar veke diskuterar me eit emne: studier, forureining, hiv/aids, seksualmoral, mat, kristen tru, sport og ungdomskultur. Sjölv om dei fleste gasserane ikkje har verdas beste vokabular er det ganske interessant.

I morga startar me KRIK, eller her kalt CHRISC; Christian Sport Contact.

torsdag 6. desember 2007

Banandàma

Banandama er ei koseleg dame. Kvar dag helsar me pä ho, helst fire gonger til dagen.
Ho har ei lita bod der ho sel bananer i alle slags variantar. Steikte eller rä, gamle eller nye,
det er berre ä velje.
Ho er utruleg gamal, og det har ho nok vore lenge.
Alle gasserane eg kjenner kallar henne bestemor, Mamabe. Sjölv om ho er ganske liten*.
Eg tykkjer alle bör helse pä ei banandame ein gong i blant, for ho er verkeleg koseleg.
*( -be betyr stor)

Elles er det vel ikkje sä mykje ä seie.
I dag retta eg hundre engelskprövar, og i gärkveld retta eg femti. Det er verre ä skulle gjere det
enn ä gjere det... ;)

I januar skal me starte opp KRIK for ungdommar her i Sab-Nam. Blir sikkert kjekt.

Oppdaterar bloggen min skjeldant?

Dä mä du ta ein kikk pä bloggen til min gode ven Cato:

http://studio420.weblogg.no/

; )